Nytt studium
Emnet AHKR202 er eit nytt praksisfag ved Universitetet i Bergen frå 2025. Faget gjev studentane innføring i dei praktiske og digitale ferdigheitene som er nødvendige for arbeid i arkiv og museum. Kursløpet er tverrfagleg og kombinerer teoretiske førelesingar med praksisseminar der studentane får prøve seg på oppgåver knytte til digitalisering og registrering.
Hjå oss vil praksisseminara mellom anna omfatte registrering av analoge arkiv i arkivkatalogen Asta etter allment arkivskjema og KAISA-standarden, digitalisering til Digitalarkivet med bokskannarar med ulik grad av automasjon, samt digitalisering til forvaltinga ved bruk av bunke- og storformatskannar. Studentane får òg omvising i dei store fjellhallane der arkivmaterialet vert bevart.
Saman med Bergens Sjøfartsmuseum (Museum Vest) og SAMLA – digitalisering av tradisjonsarkiv (AHKR) får studentane brei innsikt i korleis kunnskaps- og kulturarvsinstitusjonar i ulike delar av sektoren arbeider med bevaring, tilgjengeleggjering og digitalisering av kulturarv. Gjennom samarbeidet får dei møte profesjonelle fagmiljø og lære å handtere ulike materialtypar i praksis.
Ved å ta imot studentar får vi høve til å dele erfaring og kompetanse frå arkivfaget, samstundes som vi får friske perspektiv og nye idear inn i arbeidet vårt.