Heradsnemnda for Najonalhjelpen i Voss

Voss utdelingsnemnd

Etter innkallinga 9. april 1940 vart det mobilisert over 6000 soldatar på Voss. Soldatane vart fyrst samla på Bømoen, men på grunn av fare for bombing vart soldatane raskt utplassert på gardar rundt om kring i bygda. Tyskarane visste at Voss var det sentrale området for mobilisering av militære styrkar, og sette av den grunn i verk bombinga av tettstaden Vangen. Bombinga var ikkje berre retta mot militære mål, men hadde òg som føremål å spreia frykt blant befolkninga og å øydelegge infrastruktur. Gjennom bombinga 23 til 25. april vart store deler av husa på og rundt Vangen lagt i ruinar. Arkivet til heradsnemnda for Nasjonalhjelpen i Voss ber preg av bombinga under aprildagane 1940. Samanliknar ein arkivet med tilsvarande arkiv tilhøyrande andre kommunar som oppbevarast hjå IKA Hordaland er det større i omfang. Dette kjem av at mange menneskjer stod utan tak over hovudet, og hadde mista fleire av eigendelane sine. At nemnda hadde mykje å gjera kjem blant anna tydeleg fram i årsmeldinga for 1940 til Voss utdelingsnemnd:

«I skriv til Vestlandet landsdeildi av Nasjonalhjelpen (eller Hjelpekomiteen for Vestlandet som det då heitte) peka nemndi på at det som det var störst trong etter med ein gong var gangklæde, sengeklæde, skor, kjökenty o.s.b., likeeins kontantar til kjöp av verkty og maskinor til handverkarar. Det vilde også verta turvande med hjelp til å löyse husspursmålet.»

Behovet for klede, sengeklede og sko skil seg ikkje frå behovet i andre kommunar. At det var behov for pengar til verktøy og maskiner, og at nemnda trong hjelp til å løysa husspørsmålet dokumenterer bombingas skadeomfang og kva påverknad denne hadde på befolkninga i Voss. 

 

Nasjonalhjelpens bornehjelpsutval

Den 22. januar 1941 vart det utsendt eit rundskriv frå «Nasjonalhjelpen til de skadelidte distrikter» i Oslo til Nasjonalhjelpens komitear i dei krigsherja strøka. I skrivet står det som følgjer:

«Spørmålet om effektiv hjelp til barn i de skadelidte distrikter trenger sig mer og mer i forgrunnen. Det er mange som vil hjelpe, bare en kan finne de rette måter og midler for hjelpen. Fra foreningen Rädda Barnen i Stockholm er nettopp kommet et tilbud om å la svenske familier hjelpe norske barn efter «fadderskapsprinsippet». Foreningen vil- så fremt planen godkjennes av Norge- arbeide for å få svenske familier til å sende f.eks. 30 eller 40 kr pr. måned i 6 eller 12 måneder til de enkelte barn som bli ansett som deres protesjeer ...»

Formannen i «Nasjonalhjelpen til de skadelidte distrikter», Ingvald B. Carlsen, bad om at det snarast vart sendt oppgåver over talet på born under 18 som var i nød. I arkivet til Nasjonalhjelpens borneutval i Voss finst det korrespondanse omkring born som fekk hjelp gjennom denne fadderbornsordninga. Det var Fru Dagmar Frost som hadde hovudansvaret for dette hjelpearbeidet i Voss. Ho var varaformann i styret til heradsnemnda for Nasjonalhjelpen i Voss, som forøvrig bestod av fire kvinner og tre menn. I brevkorrespondansen kjem det fram at oppgåva hennar var å passe på at alle borna som fekk faddergåver frå Sverige hadde behov for dette. For at borna skulle få hjelp måtte dei blant anna tilhøyra krigsherja familier, sjømannsfamilier der ein av dei føresette var på sjøen, eller var born til politiske fangar. Frost administrerte og søknader om støtte, og tok hand om brevkorrespondanse mellom dei svenske og dei norske familiane. 

Nasjonalhjelpens herredsnemnd i Ullensvang

Hjelp til Nord-Noreg 

Då Hitler, som følgje av den russiske framrykkinga i nord, beordra tilbaketrekning til Nord-Troms for dei tyske styrkane i oktober 1944, var det katastrofalt for lokalbefolkninga. I samband med dette vart befolkninga evakuert sørover, slik at «den brente jords taktikk» skulle kunne nyttast. Tusenvis av menneskjer mista heimane sine. Industri, fiskebruk, skular og sjukehus - nesten alt vart jamna med jorda. Gjenreisinga av Nord-Noregs brente byar vart ein av dei viktigaste oppgåvene etter krigen, og vart prioritert av dei fleste av Nasjonalhjelpens lokale nemnder, blant anna Nasjonalhjelpens herredsnemnd i Ullensvang. Den 12. desember 1945 heldt Nasjonalhjelpens herredsnemnd i Ullensvang eit møte i Ullensvang privatbank. Under møtet diskuterte nemnda korleis dei skulle distribuere utdelinga av dei innsamla pengane til hjelp for krigens ofre. Nemnda hadde søkt om ei løyving på 300 ullteppe som det var tenkt at skulle sendast til Nord-Noreg. Dei hadde òg vore i kontakt med Hardanger møbelfabrikk om senger med same føremål. Under møtet vart det sendt eit telegram til Vestlandskomiteen, som var stasjonert i Bergen, der nemnda sa ifrå om kva dei hadde tenkt til å gjera og bad om å få deira vurdering av saken.  Vestlandskomiteen var samde i både kjøp av ullteppe og senger, og bad om at dei skulle seia frå om det var noko meir dei trong. To av medlemmene i nemnda var så innom møbelfabrikken, og gjorde ein avtale om kjøp av hundre senger.

 

Utdeling av fridomsgåva

Etter frigjeringa i 1945 gjennomførte Nasjonalhjelpen ei landsomfattande innsamling som innbringa om lag 100 millionar kroner. Delar av dei innsamla pengane gjekk til avhjelp av nød, sjølvhjelp og til fridomsgåver. I arkivet til Nasjonalhjelpens heradsnemnd i Ullensvang finst det korrespondanse som viser at nemnda arbeidde aktivt med å dela ut fridomsgåver. Dette var ikkje ein enkel prosess. For at fridomsgåva skulle utdelast måtte opplysningane i søknadene avklarast. Dette kjem blant anna fram i ei brevutveksling mellom ordføraren i Ullensvang O. A. Aarhus, Styret for Nasjonalhjelpen Bergen, og avsnittsjefen i Milorg Herr Lars Øye. I det fyrste brevet datert 30.mars 1949 skreiv ordføraren til Herr Lars Øye at han hadde fått ein søknad frå enka Ingeleiv S. Naa om støtte frå Nasjonalhjelpens fond for krigsofre. Mannen hennar døydde ved drukning 20.desember 1944. Spørsmålet var om ektemannen hennar var ein aktiv heimefrontmann, og om han døydde under oppdrag for Milorg. Ordføraren ønskte opplysningar frå Herr Øye om dette.Det ser ut til at Herr Øye stadfesta at mannen til enka var ein heimefrontmann, og at han døydde under oppdrag. Ordføraren skreiv følgjande i eit brev til styret for Nasjonalhjelpens fond i Bergen den 2. april 1949: «Med dette vert oversendt søknad fraa Enkja Ingeleiv S. Naa. I det eg syner til vedlegg nr. 6, vitnemaal fraa avsnittsjef i Millorg. D-20-I, vert det gjeve tilraading om ein passande sum utbetalt kvartalvis». I eit brev datert 29.september 1949 sendt frå Nasjonalhjelpens fond i Bergen til ordføraren kjem det fram at enka vart tilkjent fridomsgåva for seg og sine fire born med til saman 5000 kroner. Sidan det var snakk om eit så stort beløp ønskte Nasjonalhjelpens fond i Bergen at ordføraren skulle gje ei fråsegn om korleis han meinte at pengane burde nyttast.