Heradsstyret er kommunane sitt øvste organ og hjå IKA Hordaland finn du alle dei gamle møtebøkene, også for kommunar som ikkje lengre finst. Å ein kan bli nysgjerrig, for kva var det eigentleg ein snakka om i kommunen sitt siste møte i heradsstyret? Kva saker valde dei å handsame og kva handla den aller siste saka om? Vi har sett nærare på møtebøkene for kommunar som blei nedlagd på 1960-talet.

Økonomiske spørsmål

Mange av dei siste møta i heradsstyra er prega av vedtak som gjeld økonomiske spørsmål, både stort og smått. Kommunane vedtek å yte tilskot til både vedlikehald, bygging av anlegg og private initiativ. Bildet viser eit døme henta frå Manger heradsstyre. Dei vel å støtte prosjektet om å opne lefsebakeri i Manger med 3000 kr, fordi dei meiner det er særs verdifult at industrinæringa i bygda blir bygd ut. Denne type saker går att i mange av kommunane sine siste møte, og det er tydeleg at ein ønskjer å legge att ressursar for vidare verdiskaping, slik at «bygda» lev vidare i ny kommune.

Praktiske spørsmål

Mange kommunar tek også opp ein del partiske spørsmål, som Vikebygd kommune. Den siste saka heradsstyre vedtek 30.desember 1963 er at to personar får ansvar for å «å få billeder av (alle) dei som har vore ordførarar i Vikebygd forstørra og opphengde i kommunehusa i Austre Vikebygd og Vestre Vikebygd»

Poesi og nostalgi

Mange kommunar vel også å gjere noko ekstra ut av at dette er siste møte, som Skåneviks si poetiske avslutning skildra ovanfor. I møteboka til Kinsarvik heradsstyre har ein valt å bruke siste side på å lime inn ein avisartikkel frå BT, som skildrar det siste møte og markeringa som heidra den gamle kommunen og alle tilsette der. Artikkelen «Sluttstrek sett for «sjølvstendet» i Eidfjord, Kinsarvik og Ullensvang» syner at det nok var blanda følelser og at både møte og markering var prega av nostalgi.

«Når klokkane har slege sitt tolvte slag er tidi ute for dei tre kommunane, og det oppstår ei ny kommunal eining med namnet Ullensvang» (BT 30.desember 1963).

Identitet og sjølvstende

Samla sett er dei siste vedtaka gjort av heradsstyra prega av at ein ønskjer å leggje noko igjen i den gamle kommunen. Om det er å gje pengar til veg, nybygg, lokale bedrifter, få opp TV-forsterkarar eller å få forstørra og hengd opp bilde av gamle ordførarar, så er ein vore opptatt av at historia til den gamle kommunen ikkje må bli gløymd. Dette gjeld også heilt konkret som til dømes i Kinsarvik, kor heradsstyre sitt siste vedtak er at ein kjøper inn bydebok til alle skulane. Mange vedtak peikar mot at ein ønskjer å ta vare på det lokale sjølvstende og identiteten, og det er kanskje ikkje så rart når ein har vore sjølvstendig kommune i fleire generasjonar.

I desse dagar gjentek historia seg og vi nærmar oss på ny ei stor samanslåing. 13 kommunar skal bli til 5 nye kommunar. Så korleis vil desse kommunane avslutte sin kommune? Vil dei gå for poetiske avslutningar, dele ut pengar eller vedta ein reguleringsplan? Eller kanskje litt av alt? Det vil tida vise!