Kraftanlegget og vassdrag: eit ynske om å bli innlemma i Kvinnherad

Vasskraft og elektrisitetsproduksjon har hatt stor betyding for den generelle velferdsauken i Noreg utover 1900-talet. Program for utbygging av vasskraft i Noreg vart sett i gong  på 1930-talet, og det har sidan den gong skjedd ei utstrakt utbygging av vasskraft for å skapa økonomisk vekst og for å betra levestandarden til folk. Utbygginga av vasskraftverk har og vist seg å vere gode inntektskjelder for kommunane som rår over desse. Det er av den grunnen ikkje overraskande at det under kommunesamanslåinga på 1960-talet føregjekk store diskusjonar om kva for kommunar vasskraftverka skulle innlemmast i. I områda som etter kommunesamanslåinga vart innlemma i Kvinnherad og Etne kommune ligg Blåelva, som er hovudelva i Blådalsvassdraget. Dette vassdraget har utspringet sitt av Folgefonna, og renn sørvest i munningen i Masfjorden. På 1940-talet starta ei omfattande utbygging av Blådalsvassdraget, som sidan den gong har utvikla seg i tråd med kraftbehovet i samfunnet. Under kommunesamanslåinga på 1960-talet hadde områda rundt vassdraget allereie dratt stor nytte av utbygginga som starta på 1940-talet. Ein var og klar over kva for potensiale det var for ein vidareutviklinga av vasskraft i området og kva for økonomisk gevinst dette ville bringa kommunen områda ville falle inn under. 

Blåfallikraftverkane ligg i dag hovudsakleg ved Matre i Kvinnherad kommune, medan ein mindre del av reguleringsområdane ligg i Etne kommune. Med denne informasjonen er det ikkje overraskande at fleire av Skåneviks innbyggarar ynskte å hamna innanfor Kvinnherads grenser grunna dei økonomiske fordelane det ville gi. Dette kjem tydeleg fram i eit brev med overskrifta «Ad kommuneinndelinga. Nemndas 1. tilråding. Skånevik kommune». Brevet er skrive av ein representant frå ein av Skåneviks mindre bygder, som seinare vart innlemma i Etne kommune. Det er usikkert kva for ein bygd det er snakk om, då dette ikkje kjem fram i brevet: «Kraftanlegget og Blådalsvassdraget er noko alle i kommunen har sett som ei stor natur- og økonomisk herlighet, som er ein integrerande del av bygda vår, og når det blir utbygd i raskt tempo, vil det i framtida vera ein stor økonomisk faktor i kommunen si økonomiske stoda.»

Representanten for bygda skrev vidare: «Når det verka som eit sjokk, er det avdi, at ved den nye grensa, tek ein ifrå oss det beste, eg vil seia det slik: «Mate med kraftanlegget og Blådalsvassdraget er skinka, Fjæra kapellsogn med vassdraga Vauleelv- Langfoss- Lund m.fl. er bogen, det som blir slege samen med Etne er berre beina og hovudet!»

Lokal motstand mot kommunesamanslåinga i Fjæra

Innerst i Åkrafjorden ligg Fjæra, en liten grend som under kommunesamanslåinga på 1960-tallet var lokalisert i utkanten av datidens Skånevik kommune. På dette tidspunktet hadde dei blant anna eigen skule, butikk og postkontor. Vegtilknytingen var også med på å holde liv i bygda, særlig da mange arbeidet i Odda. Under kommunesamanslåinga på 1960-tallet oppstod det fleire ueinigheiter om dei nye kommunegrensene. Fjæra ynskte ikkje å bli innlemma i Kvinnherad eller Etne kommunar, men å bli ein del av Odda.

Den 3. januar 1958 sendte heile 82 personar av Fjæra kapellsokn sine da rundt 160 innbyggarar eit samla brev til fylkesutvalet for kommuneinndelinga i Hordaland. Der gav dei uttrykk for at dei både var «misnøgde» og «vonebrotne» over at Schei-komiteen si tilråding ikkje hadde tatt deira ynske med i betraktning. Utkantsgrenda Fjæra mangla den naturlige kontakten med Skåneviks kommunesenter. I brevet beskriver Fjæras innbyggarar korleis «Eit ærend for oss til Skånevik er ein tungvind og kostbar dagstur, medan det til Odda går rutebil mange gonger per dag, med berre ein times kjøring kvar veg.», og korleis det kunne gå fleire år mellom kvart besøk i Skånevik. Løfte om eit utbygd vegnett virket heller ikkje å ha overtyde Fjæra sine innbyggarar, da dei hadde liten tiltru til at planane ville bli gjennomført med det fyrste. 

Det var særleg arbeidsforholda som hadde ført til det økte samarbeidet med Odda kommune. Mange hadde som sagt sin faste arbeidsplass i Odda, og endringane av kommunegrensene ville komme innbyggarane særs til gode med tanke på kommunale rettar som teoretisk og praktisk opplæring. Ynsket om å bli overført til Odda møtte stor motstand frå fleire kantar. Det var særlig spørsmålet om økonomi og naturresursar som vart ytra som motargument. I eit brev til kraftselskapet Saudefallene A/S uttrykker Skåneviks ordførar sin uro: «Dette synes vi er meget beklagelig – ja urimelig – fordi dette medfører blant annet at vi mister flere av våre vannkraftsreserver også Vaulevasdraget (Langfoss) som eies av Dem og som vi har tenkt kunne bli nyttest om ikke så altfor langt uti fremtiden.» Han påpekte vidare at det var meiningsløyst at ein bygd skulle bli fråtatt slike rettar av den grunn at en liten «klikk» av befolkninga av visse grunner ynskte å tilhøyra Odda kommune. «[…] Det må da være måte på «fullmaktslover», der tas ikke hensyn til ett kommunestyrevedtak som såaatsi er enstemmig.»

Kommunesamanslåinga i dag

I dag veit ein at Fjæra sitt ynske om å bli innlemma i Odda kommune ikkje vart oppfylt, og at bygda vart innlemma i Etne kommune. Det var nok fleire som ikkje var nøgde med korleis kommunegrensene vart satt under kommunesamanslåinga på 1960-tallet. Samstundes var nok vel så mange nøgd. Samanliknar man kommunesamanslåinga på 1960-talet med kommunesamanslåinga som skal skje i 2020 vil ein merka seg at problemstillingane ikkje har endra seg noko særleg. Det handlar i stor gard om arbeidsplasser, tilhøyrsel, fordeling av ressursar, tilgjengelegheit og tilgang på tenestar.