Torsdag 9. november kl. 09.00 - 15.30 inviterer vi til kurs med advokat Kurt O. Bjørnnes. Han har gjennom 20 år utvikla og gjennomført kurs og opplæringstiltak for kommunar og andre offentlege instansar.  

I kurset vil han ta for seg føresegna i kommunelova om interkommunale samarbeid, samt diskutere dokumentasjonsforvaltning og arkiv i interkommunale samarbeid. Kva seier arkivlova med forskrifter om dette?

Målgruppa for kurset er kommunaldirektørar, politikare, arkivleiarar og arkivmedarbeidarar, einingsleiarar, leiarar i interkommunale samarbeid og sakshandsamarar.  

Pris er 1750 kr for eigarkommunane våre og 2800 kr for andre. Vi gjer merksam på at påmelding er bindande. Viss du må melde fråfall er det mogleg å la ein annan frå kommunen å delta i ditt sted. 

Kurset vil finne stad på Grand Hotel Terminus i Bergen. Det er avgrensa med plasser og vi tilrår derfor å vere tidleg ute med påmeldinga. Her kan du melde deg på kurset


Program for dagen:

09.00: Registrering og servering av kaffi

09:30-12.00: Kurs

12.00-13.00: Lunsj

13.00-15.30: Kurs