Dette kurset er perfekt for deg som:

  • Er nybegynnar og vil lære korleis du kjem i gang.
  • Allereie har starta, men ønsker hjelp til å finne nye kjelder og informasjon.
  • Synest lokalhistorie og familiehistorie er fascinerande.

 

Kva får du ut av kurset?

  • Lær å bruke digitale verktøy og ressursar for å spore opp slekt.
  • Få praktiske tips til å finne dokument og arkivmateriale.
  • Oppdag korleis du kan lage di eiga slektshistorie.

 

Kurset går over tre kveldar med følgjande program:

📅 23. januar 2025
Representantar frå «Slekt og Data Hordaland» viser korleis du bruker slektsprogram og finn relevante kjelder på nett.

📅 30. januar 2025
Kenneth Bratland frå Arkivverket / Statsarkivet i Bergen og Interkommunalt arkiv Hordaland ved Sandra Valskog gir tips til å finne opplysningar i kommunale og statlege kjelder, som folketeljingar, skifteprotokollar, tingbøker, skuleprotokollar og fattigprotokollar. 

Digitalarkivet vil vere eit viktig verktøy.

📅 6. februar 2025
Kenneth Bratland og Kristin Magnussen deler erfaringar frå arbeidet med boka Austevoll kulturhistorie og viser kva slags samfunn forfedrane våre levde i.

 

Praktisk informasjon:

  • Ta med: Skrivesaker eller PC
  • Kursavgift: Kr 100 per kveld
  • Klokkeslett: 1800-2000
  • Stad: Austevoll vidaregåande skule

Velkommen til tre lærerike og inspirerande kveldar med slektsgransking i fokus!

 

Foto: Widerøe Flyveselskaps flyfoto frå Austevoll kommune.
Kjelde: Nasjonalbiblioteket.