Velkomen til ein heilt ny konferanseavdeling over to plan med møteromma plassert rett ut mot skogen og Fana Golf. Der er store, herlige glassflater å hente lys og inspirasjon fra. Med terasse, popcorn- og iskremmaskin blir det i tillegg til møtemat, heilt magiske småpauser mellom dei faglege innlegga.
Med moderne hotellrom, festmiddag, underhaldning og deilige lunsjar blir det topp stemning på Edvard Grieg. For ikkje snakke om gode arkivfolk.
Måndag 26. oktober
10.00 - 11.00 registrering, kaffi og snacks
11.00 - 11.15 Opning av konferansen
For å opne konferansen får vi besøk av statssekretær Trude Storheim frå Voss. Ho har lang erfaring frå kultursektoren, mellom anna som dagleg leiar for Vossa Jazz frå 2008 til 2023 og som kommunalsjef for kultur og fritid i Voss herad frå 2023 til 2024. Den 28. februar 2025 vart ho utnemnd til statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet.
v/ statssekretær Trude Storheim, Kultur- og likestillingsdepartementet
11.15 - 11.30 Praktisk informasjon v/Rune Lothe, IKA Hordaland
11.30 – 11.50 Arkiv og beredskap i ei uroleg tid
I ei uroleg tid er arkiva viktig for samfunnet sin beredskap og motstandskraft. Når krisa treffer, kan helseregistre, reguleringsplanar, byggteikningar og kritisk samfunnsinformasjon avgjera liv og tryggleik. Nasjonalarkivar Inga Bolstad tek oss inn i eit trusselbilete i endring, og i Nasjonalarkivet sitt arbeid med digital sikring og beredskap. Ho fortel også om kva dei lærte då vatnet steig i Hamar.
Ved Inga Bolstad, Nasjonalarkivar hjå Nasjonalarkivet
11.50 - 13.00 Lunsj
13.00 - 13.45 Kva skjer når vi mistar dataane våre?
I 2021 vart datasystema i Østre Toten kommune åteken og dei mista tilgang til alle fagsystema i kommunen. Kva skjer når kommunen plutseleg mistar tilgang til og kontroll over alle sine data? Kommunedirektør Ole Magnus Stensrud delar sine erfaringar frå krisehandteringa, sine lærdommar frå stridas heite og korleis vi kan vera betre budd neste gong eit slikt åtak treff.
Ved Ole Magnus Stensrud, kommunedirektør i Østre Toten kommune
13.45 - 14.30 Tryggleik, beredskap og offentleg innsyn
Offentleg innsyn er eit grunnleggjande prinsipp for eit ope og demokratisk styre. Likevel krev tryggings- og beredskapsomsyn ofte unnatak frå regelen om ei ope forvalting. Erland Aamodt er advokat i KS med kommunalrett og offentlegheit som sine primære kompetanseområde. Han tek utgangspunkt i mellom anna offentleglova når han fortel om korleis vi kan trygge opplysingar og dokumentasjon i det strategisk viktige Hordaland.
Ved Erland Aamodt, Advokat i Kommunesektorens organisasjon
14.30 - 15.00 Pause
15.00 - 15.45 Det klinkande klåre nye lovverket
Med ferdig rettleiar til den nye paragraf 43 "Handsaming av søknader om kassasjon av enkeltopplysningar" er alt klinkande klårt, eller er det ikkje? Tenesteleiar for arkiv og dokumentasjonsforvalting i Bærum kommune, Kjersti Myro, tek uss med på djupdykk inn i nokre av arkivlova sine omdiskuterte paragrafar. Blir vi klokare?
Ved Kjersti Myro, Tenesteleiar for arkiv og dokumentasjonsforvalting, Bærum kommune
15.45 - 16.30 Debatt om innføring av nytt lovverk
Arkivlovverket som trådte i kraft 01.01.2026 har medført mange endringar for kommunane, og no har vi hatt snart eit år med erfaringar. Kva er enkelt for kommunane å innføre? Kva er meir utfordrande eller uforståeleg? Vi har eit rom med høg takhøgde og vonleg snakkeglade konferansedeltakarar.
Ved IKA Hordaland, Kjersti Myro, Olav Sataslåtten, konferansedeltakane m.fl.
16.30 - 16.45 Avslutning dag 1
16.45 - 19.30 Eigentid
19.30 - 20.00 Apertiff og underhaldning
20.00 - 22.30 Festmiddag i restauranten + quiz med Henrik Rugesæter og Birte Young
Tysdag 27. oktober
09.15 - 09.45 Orienteringar frå IKA
Vi fortel om arbeidet vi gjer med arkiva til alle kommunane i Hordaland. Tema famnar digitalisering, ordning, e-arkiv, statistikk, fotografi, kartlegging, byggesak, møtebøker, framtid, lokala i Kalfaret med meir.
Ved Rune Lothe, Knut Kjosås, Sandra Valskog og Lars Fivelstad Smaaberg hjå IKA Hordaland
09.45 - 10.30 Integrasjon eller innebygd arkivering?
Kravet til Noark for å oppbevare og langtidslagre dokumentasjon har forsvunne, erstatta av eit mjukt sett med spørsmål. Gjev dette grunnlag for å byrje arbeidet med å vurdere informasjonssystem som innebygde arkiv eller skal vi behalde integrasjonane? Olav Sataslåtten er spesialkonsulent II hjå Oslo byarkiv og er engasjert i korleis vi kan utnytte handlingsrommet i det nye arkivlovverket.
Ved Olav Sataslåtten, Spesialkonsulent II i Oslo kommune
10.30 - 11.00 Pause med utsjekk
11.00 - 11.45 Funksjonsbasert klassifikasjon og bevaringsplan
Korleis kan funksjonsbasert klassifikasjon og bevaringsplan bli gode verktøy for å styre dokumentasjonen frå skaping til kassasjon eller bevaring? Det nye arkivregelverket vert ofte omtala som funksjonsbasert og legg opp til auka automatisering av arkivet. Marius Bjørnson Hofstad er seniorrådgjevar i Nasjonalarkivet og vil presentere deira perspektiv på funksjonsbasert klassifikasjon og funksjonsbasert bevaringsplan.
Ved Marius Bjørnson Hofstad, seniorrådgjevar i Nasjonalarkivet
11.45 - 12.30 IQ-Bob
I 2024 fekk arkivet i Enebakk kommune ein ny medarbeidar. Roboten fekk namnet IQ-Bob og hjelper med å kvalitetssikre, journalføre, avslutte saker, leite etter tomme journalpostar, og å sende automatiske e-postar til sakshandsamarar. Yvonne Wara er arkivleiar i Enebakk kommune og var med på tilsetjinga av IQ-Bob. Ho vil fortelja om arbeidet med å innføre roboten, korleis roboten funkar i det daglege, og kva vinstar dette har gjeve for arkivet og kommunen.
Ved Yvonne Wara, Arkivleiar i Enebakk kommune
12.30 - 13.40 Lunsj
13.40 - 14.00 Når Nasjonalarkivet kjem på tilsyn
Statleg tilsyn har vore viktig for å styrkje arkivarbeid, internkontroll og beredskap i kommunane på 2000-talet. Tilsyna har mellom anna ført til nye arkivrom, oppdaterte arkivplanar og delegasjonsfullmakter, og ordning og digitalisering av arkiv. Med nytt arkivlovverk i 2026 vart det pause i tilsyna. Nasjonalarkivar Inga Bolstad fortel i dette innlegget korleis Nasjonalarkivet vil gjennomføre tilsyn framover.
Ved Inga Bolstad, Nasjonalarkivar hjå Nasjonalarkivet
14.00 - 14.15 Pause
14.15 - 14.45 Arkeologi på maritime fangstanlegg i Telavåg
I januar har marinarkeologar kartlagt menneskeskapte strukturar under vatn i Telavåg. Strukturane er knytte til kvalfangst i området langt attende i tid og kan gje viktig kunnskap om den maritime kulturarven. Anders Schouw er marinarkeolog ved Sjøfartsmuseet i Bergen og prosjektleiar for arbeidet, saman med to kollegaer frå Stavanger maritime museum og Norsk maritimt museum i Oslo. Han vil ta oss med inn i kvalfangsthistoria i Hordalands ytre skanse – og inn i marinarkeologien, der nye metodar gjer det mogleg å kartleggje eit fangstanlegg som truleg kan sporast meir enn tusen år attende i tid.
Ved Anders Schouw, Mikrobiolog hjå Universitetet i Bergen/ Marinarkeolog hjå Sjøfartsmuseet i Bergen
14.45 - 15.15 Når arkiva teier. Om dokumentasjon og formidling av skeiv historie
Skeivt arkiv ved Universitetsbiblioteket i Bergen har det nasjonale ansvaret for å dokumentere og formidle historie om kjønns- og seksualitetsmangfald i Noreg. Sjølv om arkivet sidan oppstarten i 2015 har bevart ei stor mengd privatarkiv med skeiv historie, er det få kjelder å finne andre stader. Dei offentlege arkiva teier i stor grad om denne delen av fortida. Runar Jordåen er historikar ved Skeivt arkiv og vil gjennom døme frå Hordaland visa korleis det faktisk finst unntak der arkiva taler. Kva fortel desse sjeldne spora oss, og kvifor er det viktig at det skeive blir ein del av lokal- og regionalhistoria?
Ved Runar Jordåen, historikar og førstebibliotekar ved Skeivt arkiv på Universitetsbiblioteket i Bergen.
15.15 - 15.30 Avslutning av konferansen og vel heim
