Hardangerfjord Hotel har lange tradisjoner for godt vertskap og kjekke og smakfulle opplevelser for både kropp og gane. Vi har det beste av vestlandsk natur like utenfor døren, fra fjord til fonn. Vi skreddersyr fantastiske hotellopplevelser i og langs Hardangerfjorden. Med vår unik atmosfære og sammen med våre ansatte ligger vi tilrette for et opphold hos oss som virkelig er verdt turen til Hardanger.

2025 er året for tidlig blomstring og de gode temperaturene i mai har gitt oss en fantastisk vår så langt. Det ligger an til en nydelig eplehøst allerede. Enkelte sjeler vil også ha det til at Hardangerfjordens badetemperatur allerede er innenfor rekkevidde.

Hardangerbadet ligger vegg-i-vegg med Hardangerfjord Hotel. Her kan du svømme, bade, leke eller bare slappe av. Som gjest hos oss får du gratis inngang til badeanleggett

 

Årets program inneheld mellom anna:

 

Ny æra for dokumentasjonsplanen og internkontroll for arkiv

Med ny arkivlov med tilhøyrande forskrift og oppdatering av arkivplan.no skjer det store endringar på området. Å ivareta ein funksjonell dokumentasjonsplan blir berre viktigare også i tida framover for å halde kontroll på- og å nytte data riktig i alle kommunale tenester. Dokumentasjonsplanen har difor blitt meir enn eitt dokument og eitt system. I denne bolken utforskar vi strategiar for vidare arbeid med dokumentasjonplan i kvalitetssystem og systemforvaltingssystem- samt spørsmål kring publisering.

Innleiing ved IKA Hordaland 

Del 1 ved Hilde Kristine Bøe, rådgjevar ved Digitalisering og innovasjon Nordhordland og Signe Morvik, fagleiar for dokumentsenteret i Osterøy kommune. 

Del 2 ved Birte Young, avdelingsleiar for dokumentsenteret i Øygarden kommune

 

Kunstig intelligens og postlister

Å ivareta personvern og å kontrollere dokumentinnhald i fulltekstpubliserte dokument på kommunen si postliste har vekt mykje merksemd i media det siste året - på godt og vondt. Med den raske utviklinga av kunstig intelligens ser vi stadig nye mogelegheiter for gje offentlegheita meir, men for like mykje eller mindre ressursar enn før. Korleis nyttar Øvre Eiker kommune kunstig intelligens for å ivareta og sikre opplysingane i dokumenta på postlista si?

Ved Trine Bryn Jensen, arkivleiar i Øvre Eiker kommune

 

Implementering av kunstig intelligens i ulike delar av forvaltinga

For å effektivisere og auke kvaliteten på ulike tenester i forvaltinga har Bamble kommune vore innovative i bruken av kunstig intelligens. Dei vil fortelja om bruk av KI til mellom anna chatbotter og Acos Websak, plattform for opplæring av lærarar og transkribering og automatisk genererte møtereferat. I tillegg jobbast det med å iverksette KI til  å rekne ut lønsansenitet og i sakshandsaminga. Kva vinster og utfordringar møter Bamble på?

 

Nytt lovverk for arkiv og forvalting

Med verknad frå 01.01.2026 innførast det nytt lovverk i Noreg. Både forvaltingslova frå 1967 og arkivlova frå 1999 er revidert og planlagt å tre i kraft. Kva er det nye me skal sjå etter i lovverket, og korleis påverkar dette måten me arbeider på i dag? 

Føredragshaldar ikkje offentleggjort

 

E-arkiv og innsyn

Kommunane i Hordaland har deponert mange hundre sak-/arkiv- og fagsystem til IKA Hordaland dei seinare åra. Databasane er ofte tilgjengelege i kommunane også etter deponering som historiske oppslagsbasar- enn så lenge. IKA Hordaland arbeidar med strategiar og konkrete tiltak for å gjera systema tilgjengelege, fyrst internt. Dei fleste deponerte systema er for hybridarkiv- arkiv med både papir- og elektronisk dokumentasjon. Korleis og når bør kommunen få tilgang til dokumentasjon i deponerte fagsystem?

Ved Knut Kjosås, fagleiar hjå IKA Hordaland

 

Beredskap 

Informasjon om emnet kjem.

 

SAMLA.no – digitalisering av kulturhistoriske arkiv

På 18- og 1900-talet har folkeminnesamlarar saumfara fjord, kyst og fjell i Hordaland etter folkekulturen til folket som budde der. Songar, kunnskap, viser, forteljingar, byggeskikkar og jordbruksteknikkar, skumle skikkelser, folketru- ja, dei ville dokumentere heile kulturen. Ein ordentleg innsats har vore gjennomført for å gjera desse mangfaldige kulturane i Hordaland og over heile Noreg tilgjengelege og søkbare på Samla.no. Ei ordentleg skattekiste for alle!

Ved Kyrre Kverndokk, professor i Kulturvitskap hjå UIB og Angun Sønnesyn Olsen, stipendiat i kulturhistorie hjå UIB

  

Orienteringar frå IKA Hordaland

Vi vil orientere om mellom anna byggesak, innsyn og tilgjengeleggjering, mediekonvertering, depotsituasjonen, Arkivarar utan grenser, med meir.

 Ved IKA Hordaland