I Love for Hosanger, Haus og Hamre kommunale kraftverk kan vi lese at selskapet hadde som formål å bruke krafta frå vassdraget til å forsyne eigne kommunar med elektrisitet, samtidig som de også kunne ta på seg levering til store konsumentar eller andre kommunar.  Selskapet skulle leiast av ein direksjon og eit representantskap. Medlemmene av både direksjonen og representantskapet vart valt av Hosanger, Haus og Hamre kommunestyre. Hamre, med den minste eigarandelen, fekk eit medlem i direksjonen og eit i representantskapet. Val av medlemmer vart heldt kvart tredje år, i samsvar med dei kommunale valperiodane.  

Eit kostbart prosjekt

Utbygginga av kraftverket vart eit kostbart prosjekt, og kravde store investering frå Hosanger, Haus og Hamre kommunar. I eit fellesmøte 25. juni 1917 vedtok kommunane å gi kraftselskapet eit lån på 1 500 000 kr. Dette skulle være avdragsfritt dei tre fyrste åra. Seinare vart det bestemt at eigarkommunane kunne stille som garantistar for lån opptil 12 millionar kroner. Utgifter knytt til anleggets og kraftstasjonens drift og vedlikehald vart fordelt mellom kommunane i samsvar med eigardelane. Den enkelte kommune var sjølve ansvarleg for eiget linjenett, samt sal og fordeling av straum innetter i kommunen.

Kort tid etter at kraftverket stod ferdig møtte selskapet på sine fyrste økonomiske utfordringar. Dette var eit resultat av ulike faktorar. I likskap med andre kraftverk i Noreg var det ved prosjekteringa av Hosanger, Haus og Hamre kommunale kraftverk planlagt å ta i bruk røyrleidningar. Utbygginga av kraftverket fant sted under fyrste verdskrig, og det viste seg å være både vanskeleg og dyrt å skaffe jernrøyr. Selskapet fekk da valet mellom å stanse arbeidet eller finne ei alternativ løysning. Valet falt på sistnemnte og som fyrste kraftverk i Noreg vart Hosanger, Haus og Hamre kommunale kraftverk bygget med trykksjakt og trykktunnel. Valet skulle i ettertid vise seg å få store konsekvensar for kraftselskapet. Få månader etter at kraftverket stod ferdig oppdaga man større lekkasjar frå trykktunnelen. Dette forsinka arbeidet på kraftverket og økte byggekostnadane. Anlegget var fyrst i driftsmessig forstand igjen hausten 1920. I 1921 vart dei samlande anleggsomkostningar oppgitt å være på 12 millionar kr, kor kraftanlegget sto for nesten 8 millionar. Ettersom kommunenes kraftbehov var betydeleg mindre enn det kraftverket produserte vart kraftverkets økonomi i stor grad basert på levering til større kundar. Deira største kunde var De Norske Saltverker AS som heldt til i Fotlandsvåg. Sviktende betalingar frå selskapet gjekk hardt utover Hosanger, Haus og Hamre kommunale kraftverk moglegheiter til å betene eigne lån.

Gjeldsforhandlingar

Våren 1925 kalla Justisdepartementet inn til eit møte i Bergen kor det vart nedsett eit kredittutval for å sette i stand ei gjeldsordning. Ordning tok sikte på å bevare kraftverket for kommunane, då man antok at dette var den beste moglegheita for at kommunane på sikt skulle klare å betale ned gjelda si. Det opphavlege kraftselskapet vart oppløyst og eit nytt sameige vart skipa under namnet Herlandsfoss kommunale kraftverk. Kommunanes del i det nye sameige vart fordelt slik: Hosanger 35%, Haus 50% og Hamre 15%. Selskapets samla gjeld var per 30. april 1925 på 12 700 000 kr. Kommunane stilte seg som garantistar for selskapets pantegjeld, dels etter eigardel og dels solidarisk.

Ny kommunar, nye eigarar

I 1964 vart Hosanger, Haus og Hamre kommunar lagt ned i samband med kommunesamanslåinga. Hosanger vart innlemma i Lindås og Osterøy, Haus i Arna og Osterøy og Hamre i Meland og Osterøy. Herlandsfoss kommunale kraftverk fortsette drifta, men med nye eigarar. I forkant av kommunesamanslåinga vart det heldt møte med representantar frå kommunane og kraftverket sitt styre for å diskutere eigartilhøve i samband med dei nye kommunale einingane. Styret i Herlandsfoss kommunale kraftverk meinte at det burde ta omsyn til skattekraft, folketal og straumforbruk i kvert av distrikta for dei siste åtte åra, og forslo fylgjande partstallfordeling: Osterøy (40%), Arna (40%) og Lindåshalvøya (20%). 

Hosanger og Hamre var usamd i at dette ville gi ei rettferdig fordeling. Kommunane la vekt på at linjenettet var ulikt utbygd i de forskjellige distrikta og at det var andre faktorar som skapte ulike forhold for bruk av kraft. Også Haus sa seg usamd i Herlandsfoss kommunale kraftverk sitt forslag. Kommunen argumenterte for at Osterøy, kor småindustrien «ikkje arbeider under dei same gunstige tilhøva som dei som ligg meir laglegt til», ville komme ut som den tapande part i fordelinga. Tross usamdheiter vart forslaget til slutt godkjent av dei tre kommunane.

I 1995 vart den originale kraftstasjonen tatt ut av drift etter 75 år med kraftproduksjon. Kraftverket fortsette si produksjon, men i ein ny og moderne kraftstasjon, som vart bygd like bak den gamle. Den gamle kraftstasjonen vart gjort om til museum og står i dag på lista over norske kulturminne.