Fylkesmann Lindebrække sin plan for Herdla kommune - 1946

Den administrative inndelinga av kommunen blei i etterkrigstida sett på som utdatert. I eit skriv frå 1946 la fylkesmann Gjert Lindebrække fram at det var høve for ein nyordning av Herdla kommune. Han meinte at kommunen var ein fortidsleivning frå tida då sjø og vann batt bygdesamfunna saman. Lindebrække meinte at “Det er no i stor mon vorte og vil i framtida enno meir verta vegane, som bind bygdene saman, og sjøvegen vert då mest eit grenseskilje.” Satsinga på vegbygging og bilsamferdsle var framtida. Difor la fylkesmannen ned eit forslag om at Herdla øy og den nordre delen av Askøy skulle slåast saman med Askøy kommune. Øygruppa i vest skulle gå saman med Hjelme kommune, og danne ein ny kommune. For Holsnøy sin del, så var det best at øya blei ein kommunal eining. Kommunen nedsette ei nemnd som skulle vurdere forslaget frå fylkesmannen. Forslaget var allereie frå starten av dårlig motteke. For bebuarane på Herdla og nordre del av Askøy, var frykta at ei samanslåing med Askøy kommune kunne føre til at administrasjonssenteret blei for langt unna. Nemnda tvilte på at Askøy kommune vil ta på seg dei store kostnadane med å flytta administrasjonssenteret nærare den nordlige luten av øya. I kommunestyremøte den 10. mai 1947 blei det samrøystes vedtatt at ein oppløysning av Herdla kommune ikkje skulle finne sted.

Sjølv om kommunestyret var bestemt i sin sak, var midlertidig innbyggjarane på den vestre delen av Holsnøy misfornøgd. Dei ville ikkje fortsette å vere ein del av Herdla kommune, med ynskte i staden å slå seg saman med Meland kommune. Samstundes kom det signal frå innbyggjarane tilhøyrande skulekrinsane Breivik, Misje og Turøy, at ei skiping av Øygarden kommune ville vere ein gunstig løysning.

Kommuneinndelingskomiteen

Det var kommuneinndelingskomiteen, skipa i 1946, som skulle komme med forslag om kva som vidare skulle skje med kommunen. Komiteens forslag skilte seg i liten grad frå kva fylkesmann Lindebrække hadde foreslått i 1946. Representantane frå Herdla kommune kjempa lenge mot forslaga frå komiteen. Eit eksempel er frå eit møte med komiteen i 1953 kor ordføraren i Herdla kommune, Torstein Skjelanger, forsøkte å kjempe mot forslaget om å slå Herdla øy og nordre del av Askøy saman med Askøy kommune. Skjelanger meinte at så lenge det ikkje var nokon veg mellom Davanger til Skansen på nordspissen av Askøy, ville avstanden til administrasjonssentrumet til Askøy kommune vere lengre enn til kommunehuset på Herdla. Ordføraren i Askøy kommune, Daniel Stein, var heller ikkje særleg entusiastisk til ei samanslåing med Herdla. Han meinte at samanslåinga ville medføre store administrasjonskostander, og kravde at staten måtte kome med bistand for å støtte vegprosjektet mellom Davanger – Skansen.

Innleming av Herdla

Folkerøysting

Ei tilråding frå kommuneinndelingskomiteen blei avlevert i 1957. Den fastslo at Herdla sine områder på Holsnøy skulle overførast til Meland kommune. Herdla øy og områdane på Askøy skulle overførast til Askøy kommune. Hjelme kommune og Herdla kommune sine delar i Øygarden skulle slås saman til ein ny kommune. Misje krins skulle overførast til Fjell kommune. Det vart heldt folkerøysting over forslaget frå komiteen. Ifølge fylkesmannen var det nødvendig med folkerøysting i kommunar kor det var fleire dramatiske endringar og alternativ.

For Herdla kommune blei det lagt fram tre alternativ: 1. behalde Herdla som nå, 2. fylgje komiteens foreløpige forslag, 3. eiget forslag frå den røysteføre. Misje krets ville ikkje vere med på røystinga, og forklarte i eit brev til Herdla formannskap at dei allereie hadde vedtatt eit ynske om å slå seg saman med Fjell kommune. Resultatet frå folkerøystinga var tydelig. Berre 15 % av dei røysteføre i dei 14 valkrinsane ynskte å behalde Herdla kommune som den var. Det vart og røysta i kommunestyremøte den 8. april 1958 om man skulle bevare kommunen slik som den var. 17 av dei 26 representantane stemt nei, og Herdla kommune si lange kamp for overlevelse var over

Slutt på Herdla kommune

Den 9. 1961 overleverte kommuneinndelingskomiteen sin endelege innstilling til Hordaland fylkeskommune. Ein viktig føresetnad for kommunesamanslåinga var utviklinga av vegsambandet. For Herdla sine områder på Holsnøya blei det påpeika i innstillinga at det nå var ein samanhengande veg mellom Frekhaug – Skjelanger, og at dette “synest heile Holsnøya å vera ei høveleg forvaltningseining med ei naturleg arrondering”. Komiteen meinte at Herdla øy og delane av nordre Askøy skulle overførast til Askøy kommune. Dette blei grunngitt med at ei bygging av vegen mellom Davanger – Skansen ville føre til at overføringa vart egna reint geografisk sett, og at det ville bli ei “høveleg forvaltningseining”.  Ei samanslåinga mellom Hjelme kommune og Herdla sine områder i Øygarden var lagt fram som den beste løysninga. Sjølv om komiteen hevda at det ville bli ein langstrakt kommune, så er øyane berre skilde frå kvarandre med smale sund og på sikt vil vegsambandet utbyggast. Saman skulle Hjelme og Herdla skipa Øygarden kommune. Det var fyrst to år seinare etter innstillinga blei framlagt, at Stortinget den 15. mai 1963 vedtok at Herdla kommune skulle oppløysast. Den 1. januar 1964 blei planen sat i verk, og Herdla kommune slutta å eksistere som ein kommune.