Framhaldsskulen var ein eitt til toårig skule som bygde vidare på folkeskulen, og fungerte som eit alternativ for elevar som ynsket ei mindre teoriprega undervisning enn den man fann i realskulen. I 1969 vart både framhaldsskulen og realskulen del av den obligatoriske niårige grunnskulen.

I arkivet etter Framhaldsskulen i Lindås finn vi skuleavisa til Natås framhaldsskule. Avisa er handskriven og inneheld dikt, skildringar frå skulekvardagen, forteljingar og enkelte illustrasjonar. Fyrste innlegg er datert 15.12.1956. I avisa finn vi årlege innlegg med tittelen «Eit halvt skuleår», kor elevane så tilbake på sitt fyrste halvår på Natås. Soge, religion, rekning, engelsk, hagebruk og helselære var nokon av faga elevane vart undervist i. Engelsk og helselære blir trekt fram som dei to mest krevjande faga, medan hagebrukslære var eit av faga elevane meinte var enklast.  

I «Eit halvt skuleår» frå 1958 skrivast det at førjulstida hadde vore ei travel tid for elevane, med både skulearbeid og førebuing til fest. Men «med hjelp av kvarandre har det gått». Dette var den fyrste festen elevane hadde på Natås, og mange var nok spente. Det vart konkludert med at dei hadde lært mykje i tida som hadde gått på Natås, og at dei nok kom til å lære mykje meir. Etter eit halvt år på skulebenken gleda elevane seg til juleferie, kor dei skulle få kvila seg ut.

Ei oversikt over arkivet etter Framhaldsskulen i Lindås kan dykk sjå på Arkivportalen.no her