Fjelberg vart kommune allereie frå innføringa av kommunalt sjølvstyre i Noreg i 1837/8, til dei store kommunesamanslåingane i 1965. Fjelberg gjekk då inn i Kvinnherad, saman med Varaldsøy og delar av Skånevik. Opphavleg omfatta Fjelberg delar av det som i dag er Ølen kommune i Rogaland, delar av Etne og det som i dag er den sørlege delen av Kvinnherad. Då kommunen vart slått saman med Kvinnherad var han mindre og inkluderte øyane Fjelbergøy, Halsnøy og Borgundøy med ein del på fastlandet: Valen-området med den særs viktige arbeidsplassen Valen sjukehus.

Vegen mot samanslåinga

Då det gjekk mot kommunesamanslåingar på slutten av 1950-talet, var ikkje Fjelberg mellom kommunane i «faresona». Kommuneinndelingskomitéen ville oppretthalde Fjelberg og Kvinnherad som eigne kommunar og utvide Fjelberg kommune på fastlandssida med Husnes sokn, som då ville gå frå Kvinnherad til Fjelberg. Men det planlagde aluminiumsverket i Husnes (SØRAL), snudde om på desse planane. Stortingsproposisjon nr. 106 (1962-1963) tok omsyn til industrireisinga. Skilde ein Husnes sokn frå Kvinnherad, ville kraftressursane industrien trong verte liggjande i ein annan kommune. Utbygginga i Husnes ville krevje tomteland i fastlandsdelen av Fjelberg, noko som ville gjere ei samanslåing av Fjelberg og Kvinnherad meir tenleg. Samanslåinga av Fjelberg og Kvinnherad vart då òg gjennomført 01.01.1965. Same år stod aluminiumsverket ferdig.

Ein uhorveleg lang kommune

I Fjelberg vitna eit framlegg i kommunestyremøtet 8. januar 1963 om motstand mot samanslåinga. Dette framlegget vitnar om at fleire i Fjelberg kjende på eit løftebrot frå statleg hald om at dei skulle få halde fram som eige kommune. Med omsyn til industrireisinga i Husnes synte dei til at dei aldri hadde gjort krav på å få Husnes frå Kvinnherad, men at dette kom frå kommuneinndelingsnemnda sjølv. Kvinnherad og Fjelberg hadde tidlegare samarbeida godt, og mykje tomteland i Valen-området var uansett eigd av fylket. Omsynet til utkantane og særskilt folk på øyene vog òg tungt. «Departementet [vil] so laga ein uhorveleg lang kommune. Frå busetnaden på Borgundøy i Fjelberg til Austrepollen i Kvinnherad er det over 60 km i luftlinja, d.v.s. nærpå like langt som frå Sæbøvik [det største tettstaden på øyane i Fjelberg] til Bergen». Ein gjekk så vidt inn for samanslåing med 11 mot 10 stemmer. Kommunestyret i gamle Kvinnherad røysta til samanlikning for samanslåinga med 33 mot 3 røyster.

Skilsmisse?

Kort tid etter desse vedtaka ga misnøye med samanslåinga seg til kjenne. Bergens Tidende kunne til dømes allereie 3. oktober 1964 melde om vanskar med oppteljinga av stemmesetlar i Kvinnherad. Ifølge lensmannen i Kvinnherad var «setlane så broderte at det er mest ikkje til å tru. Dei som bur i Fjelberg vil visst at alle representantane i heradsstyret skal vera frå Fjelberg, og tilsvarande er det med dei andre stroki i det nye heradet». På øyane i gamle Fjelberg kommune nøyde ein seg ikkje med slik «brodering».

Allereie i 1966 søkte eit folkevalt aksjonsutval om at øyane Halsnøy, Borgundøy og Fjelbergøy skulle verte utskilde som ein eigen kommune. Ei liste synte at 768 av 1103 røysteføre støtta kravet. Søknaden vart óg røysta over i Kvinnherad kommunestyre 29. juni 1966 der 36 mot 8 røysta for utskiljing. Om partane hadde fått si vilje hadde det vorte skilsmisse. Men norsk kommunestruktur og giftarmål er ikkje heilt det same. Hordaland fylkesting vedtok å ikkje tilrå utskiljing. Frå statleg hald meinte ein at det ikkje fanst grunnlag for å endre inndelinga.

Her kunne saka enda, men Arbeidsutvalet for fråskiljing av Fjelbergøyane ville det annleis. Dei som kjempa for lausriving melde seg inn i Samarbeidsutvalget for tvangssammensluttede kommuner, som hadde medlemar frå Halden til Alta. Fjelberg kommune vart ikkje slått saman med tvang, men i søknaden om eige herad for Halsnøy, Borgundøy og Fjelbergøy til Kommunal- og Arbeidsdepartementet i 1966, hevda ein at «av øyane sine representantar var 2/3 imot samanslåing». Dei meinte seg ikkje bundne av røystene til representantane for fastlandsdelen av Fjelberg kommune. Aktiviteten til medlemane i Samarbeidsutvalget møtte først lita velvilje frå statleg hald. Men i 1971 ble «Det rådgivende utvalg for vurdering av 21 nærmere bestemte kommunesammenslutninger» utnemnd.

utmeldelsefrasamarbeidsutvalget for tvangssammensluttede kommuner

Røystinga

I samband med arbeidet til Tallaksen-utvalet oppretta Kvinnherad kommune ei nemnd for å vurdere ei utskiljing av Fjelberg-øyane. Nemnda leverte to tilrådingar til Tallaksen-utvalet. Dei som råda kommunen til å gå imot ei utskiljing, peika på at Fjelberg-øyane «i mangt og mykje har note godt av dei romslege økonomiske kår som har vore i Kvinnherad takk vere industri og kraftutbyggjing». Mellom anna hadde Halsnøy fått vassverk med «friskt fjellvatn frå Husnes». Vidare vart det hevda at kommuneadministrasjon «i vårt tid» stilte krav som små einingar hadde vanskeleg for å løyse. Kvinnherad var rett nok «vidsveimt», men dei meinte «post og telefon etter kvart får meir å seia» og at «lokaltelefontakst skal etter kvart gjelda i heile kommunen».

Dei som gjekk inn for utskiljing meinte at «alle politiske parti og grupperingar er no samde om at noverande Kvinnherad kommune er for stor og tungvint». Dessutan leid industrien på Halsnøy under at «halve arbeidstida går i reiser» for teknisk etat. Viktigast var lokaldemokratiet, den nye storkommunen hadde ført til «minkande interesse for kommunal styring».

Tallaksen-utvalet vitja så Kvinnherad i november 1972 og talte med formannskapet og aksjonsutvalet. I 1974 kom utgreiinga, «NOU 1974:14 Vurdering av 21 kommunesammenslutninger». Nett som i den kommunale nemnda var konklusjonen delt. Fleirtalet støtta dei som ville halde Fjelberg-øyane i Kvinnherad. Dei meinte at kommunen trass store avstandar «har gjort en stor innsats for å løse kommunale oppgaver i alle deler av kommunen». Nok ein gong kunne drøymen om eigen kommune vorte skipla. Men Kvinnherad kommunestyre ville avgjere saka ein gong for alle, lokalt. Dei vedtok å halde folkerøysting på øyane som tidlegare hadde høyrt til Fjelberg kommune, om dei skulle verte eigen kommune. Røystinga skulle haldast 2. september 1974. Arbeidsutvalet for fråskiljing av Fjelbergøyane fekk trykt opp brosjyrar som mellom anna lova symjehall og samfunnshus og «snøgg og billeg teknisk hjelp». Men 53% røysta for å framleis vere ein del av Kvinnherad. Arbeidsutvalet for fråskiljing tok raskt følgjene av avgjerda og melde seg allereie 10. september ut av Samarbeidsutvalget for tvangssammensluttede kommuner.

Så korleis var stemninga i kommunen etter å ha vore på randen av skilsmisse? Vel, ikkje dårlegare enn at Arbeidsutvalet for fråskiljing av Fjelbergøyane søkte Kvinnherad kommune om stønad til kostnadene med trykking av materiell som skulle overtyde folk om å gå ut av Kvinnherad kommune. Dei søkte òg om pengar til kontingenten som dei ikkje hadde betalt til Samarbeidsutvalget for tvangssammensluttede kommuner. Desse søknadene vart rimeleg raskt innvilga! Og sidan har Kvinnherad korkje vorte frådelt eller samanslått, og ser ut til å sleppe unna òg i den pågåande runden med kommunesamanslåingar.