På Arkivportalen kan du no søke og finne fram til eldre arkivmateriale frå 52 eksisterande og tidlegare kommunar i det som var Hordaland fylke. Alle dei eldre arkiva står oppbevart her hjå oss med unntak av Eidfjord, Strandebarm og Kvam. Desse oppbevarast i arkivdepot i Eidfjord kommune og Kvam herad. Ved sidan av dei kommunale arkiva har også eldre privatarkiv blitt registrert og publisert.
Nokre av katalogene har vore registrert i Asta tidlegare, men arbeidet med å registrere og publisere arkiva starta for fullt for om lag eit år sidan. Den siste katalogen vart ferdig registrert og publisert i dag.