I desse dagar vert fleire og fleire av arkiva digitaliserte og gjort tilgjengelege til bruk for deg og meg. Vi dukkar ned i dei historiske arkiva og viser korleis du sjølv kan sitje heime i di eiga stove og finne inne fram i den digitale arkiv-arven til dei tidlegare kommunane Fjell, Sund og Øygarden, men og søkje utover det lokale og inn i Interkommunalt arkiv Hordaland og Statsarkivet.
 
På alle tre arrangement viser tilsette frå Interkommunalt arkiv i Hordaland og historikarar lokale godbitar frå utviklinga innan samferdsel, skule, fattigvesen og næringsliv. Kommunen har også ei spanande krigshistorie som det kan vere interessant å finne meir informasjon om.
Det vert lokal vinkling på kvar stad. Etter foredraga vert det tid til samtale og spørsmål.
 
Rong bibliotek, 12. mai, kl. 18.00-20.00
Skogsvåg bibliotek, 19. mai, kl. 18.00-20.00
Straume bibliotek, 21. mai, kl. 12.00-14.00