Aids-epidemien

På 1980- og 1990-talet var det norske samfunnet sterkt prega av spreiinga av det dødelege hiv-viruset. Særleg unge menn som hadde sex med menn og dei sprøytenarkomane vart hardt råka. Aids-diagnosen vart for første gang stilt i Noreg 1983. Sidan den gang har fleire enn 600 menneskjer døyd av sjukdommen. Lite var visst om sjukdommen og dette ga grobotn for frykt, diskriminering og stigmatisering. HIV-viruset vart ikkje identifisert før i 1984, og det var først mot slutten av tiåret at det vart klart at viruset brukte fleire år på å utvikle seg til Aids.

Sjukdommen førte også ulike grupper saman. Aktivistar, helsepersonell og myndigheitene samarbeidde for å informere om sjukdommen og avgrense omfanget. I 1987 arrangerte Helsedirektoratet ein større kampanje for å informere om aids. Same år sendte Fylkeslegen i Hordaland ut eit skriv til kommunane i fylket. Her oppfordra han kommunane om å utarbeide planar for tiltak mot hiv og aids. Planen burde omfatte situasjonen i kommunen, tiltak for å førebyggje epidemien og tiltak for å hjelpe dei som vart råka. I oktober 1987 var det registrert 650 hivpositive i Noreg. Hos 65 personar hadde viruset utvikla seg til aids, og av desse hadde 40 stykkar døyd av sjukdommen.

Askøy, Sund og Øygarden kommunar var blant dei første kommunane i Hordaland som utarbeide ein tiltaksplan mot hiv og aids. Kommunane hadde få eller ingen påviste smittetilfelle på daverande tidspunkt, men det vart likevel satt i verk planer for forbyggjande arbeid, og for å etablere eit tilbod for oppfølging og behandling. Informasjonsarbeidet var særleg retta mot risikogruppene menn som har sex med menn og dei sprøytenarkomane, samt tiltak mot unge. 

Tross aukande kunnskap om hiv-viruset var tiltaksplanane prega av uvissheit og uro. Øygarden kommune konkluderte blant anna med at «HIV og AIDS-epidemi vil, om prognosen held stikk i åra som kjem, verte eit problem av dimensjonar, både for helsevesenet og for heile samfunnet», og kalla sjukdommen for «vår tids pest».

Frivillige organisasjonar og aktivistar hadde ei sentral rolle i det offisielle opplysningsarbeidet som vart gjort. Organisasjonar som Helseutvalet for Homofile og PLUSS Bergen jobba for å ta vare på hivpositive. I eit møtereferat, datert 20. oktober 1994, frå Fylkeslegen sin ressursgruppe vedkomande hiv og aids kan vi lese at organisasjonane vart sett på som viktige samarbeidspartnarar i det førebyggjande arbeidet i Hordaland.

I kommunale arkiv kan vi finne opplysningar om aids-epidemien i arkiva etter formannskapet, helse- og sosialkontoret og kommunehelsetenesten. Desse inneheld saksmapper om det førebyggjande arbeidet kommunane sette i verk mot aids, samt vedtak som vart gjort i møter i organa.  

Handlingsplan mot homofobisk mobbing

Kommunale likestillingsutval

Frå slutten av 1970-talet valte ei rekkje kommunar å etablere eigne likestillingsutval som skulle jobbe for å betre likestillinga i kommunane, med eit særleg mål om å betre stillinga til kvinner. Utover 2000-talet vart forståinga av omgrepet likestilling endra til å omfamne fleire perspektiv.

I 2009 sendte Barne- og likestillingsdepartementet ut ein NOU, som tok føre seg eit heilskapeleg diskrimineringsvern, på høyring. På daverande tidspunktet eksisterte det ikkje eit eige lovverk som beskyttet mot diskriminering på bakgrunn av seksuell orientering. Dette var omtalt i arbeidsmiljøloven § 13, og gjaldt kun vern mot diskriminering i arbeids- og bustadsforhold. I utgreiinga vart det foreslått at dette skulle bli utvida til å gjelde alle samfunnsområder.

I etterkant av høyringsforslaget byrja Askøy kommune arbeidet med ein ny likestillingsplan som skulle imøtekomme utvidinga av likestillingsperspektivet. I samband med den nye planen skifta likestillingsutvalet i kommunen namn til Likestillings- og mangfaldsutvalet.

I den nye planen vart det slått fast at utvalet skulle jobbe for at færrast mogleg falt utanfor samfunnet på bakgrunn av kjønn, politisk orientering, seksuell legning, religion, nedsett funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

I arkivet etter likestillingsutvalet finn vi også informasjon om korleis ulike organisasjonar jobba opp mot kommunen for å hindre diskriminering på bakgrunn av seksuell orientering. I Askøy kommune var særleg LLH Bergen og Hordaland aktive. Organisasjonen, som i 2016 skifta namn til FRI Vestland, jobbar opp mot lokale myndigheiter for å sikre gode levekår for LHBT-personar i fylket.

I 2009 oppfordra organisasjonen kommunane i Hordaland til å utarbeide handlingsplanar mot diskriminering av homofile, lesbiske og bifile. Organisasjonen ville også at kommunane skulle ta på alvor dei utfordringane som eksisterte rundt homofobisk mobbing og erting i skulen og i nærområdet. Nokre månader seinare fekk Askøy kommune eit forslag frå LLH Bergen og Hordaland om kva handlingsplanen i kommunen burde innehalde. Organisasjonens daverande leiar, Torill Frøise, deltok også på fleire møter i likestilling- og mangfaldsutvalet der saker relatert til organisasjonens arbeid vart behandla.

I 2010 vart Tor Andreas Bremnes tildelt Askøy kommune sin likestilling- og mangfaldspris for 2009. Formålet med prisen var å stimulere til auka innsats for å fremme likestilling mellom individa utan omsyn til kjønn, etnisk tilhøyrsle, religionstilknyting eller seksuell legning. Bremnes fekk prisen for sitt arbeid for unge homofile, lesbiske og bifile på Askøy. Saken vart behandla i utvalet sitt møte 10. mai 2010, og forslaget om å gi Bremnes prisen vart einstemmig vedtatt.

Kommunane var ikkje pålagt å opprette eigne likestillingsutval. Frå kommunane i tidlegare Hordaland fylke oppbevarer vi arkiv etter likestillingsutvala i Sveio, Odda, Fusa, Fjell og Askøy kommunar. Arbeidet kommunane har gjort retta mot likestilling er også dokumentert i saksarkiva etter formannskapa og sentralarkiva.