Du kan og lese om arkivdagen i Bergensavisen, Bergens Tidende og Askøyværingen.  

Interkommunalt arkiv i Hordaland

Barn understøtta av fattigvesenetUllensvang fattigstyre.jpg

Fattigdom er ein gamal problematikk og omsorg for dei fattige vart tidleg sett på som ei samfunnsoppgåve. Den første offentlege organiseringa av fattigomsorg, slik vi kjenner den i dag, kom med opprettinga av fattigkommisjonen i Kristiania i 1741. Innan få år hadde alle dei største byane fått sin egien fattigkommisjon. 1837 vart ansvaret overført til kommunane.

Kven som hadde rett på støtte frå fattigvesenet varierte, men særleg barn og gamle utgjorde ein stor andel av dei understøtta.

I protokollane etter fattigvesenet vart desse barna gjerne ført opp i eigne lister. Kor mykje informasjon vi kan hente fram barna varierer frå liste til liste. Medan enkelte nøgde seg med å skrive inn namn på mor og far inneheld andre protokollar meir detaljerte skildringar. Her får vi opplyst både namn og fødseldato til barnet, kven dei biologiske foreldra var, kor barnet budde og hos kven barnet var i forpleining hos. Det var ulike årsaker til at barn hamna under omsorga til fattigvesenet. Det kunne vere foreldrelause barn, barn forlatt av foreldra sine eller barn av vanskelegstilte foreldre. I protokollane etter fatiggstyra ser vi at mange av dei understøtta barna var «uægte» barn av ugifte mødre.

Du kan lese meir om fattigstyret her. Frå denne siden vil du og finne lenker til det digitaliserte arkivmateriale etter fattigstyre i 28 kommunar i tidlegare Hordaland.   

Tvangsarbeidshus og redningsanstaltar for fattige var lenge eit byfenomen, men utover 1800-talet begynte og lankommunane å etablere fattighus. I enkelte bygder kjøpte fattigvesenet eigne gardar som vart brukt som oppbevaringsanstaltar for fattige. Her var det og barn som satt i forpleining, med eller utan foreldre. På Digitalarkivet finn du digitaliserte kjelder etter Voss og Hesthammer fattiggardar.

Du kan lese meir om fattiggardane her.

 


Barn av lokale industriarbeidarar

Industri er ei viktig del av historia til fleire kommunar på Vestlandet. På enkelte stader, som Dale og Fotland, vart det etablert eigne fabrikkskular. Dette var skuler for barn av fabrikkarbeidarane som ofte var drifta av fabrikken, aleine eller i samarbeid med kommunen. I skuleprotokollane etter fabrikkskulane finn vi namn og fødselsdato på elevane ved skulene, når dei vart opptekne i skulen, karakterane deira i enkeltfag. I protokollane finn vi og notat eller merknadar som læraren hadde gjort seg. Dette kunne vere kommentarar om elevane sine evner, opplysningar om kva år elevane vart konfirmert eller om og kor dei hadde flytta.       

 


Aviser etter ungdomslag

Solglytt.jpg

Ungdomslag begynte å vekse fram frå midten av 1800-talet, og var eit resultat av dei nye kulturelle strøymingane som fant stad. 1800-talet var århundret til nasjonalismen, og særleg språk og diktning vart løftafram som eit symbol på fellesskapet. Ungdomslaga vart etablert for å samle ungdomen i ei tid kor det var få kulturtilbod for unge mennesker. Initiativet til å etablere ungdomslag vart ofte tatt av lærarar i bygda, oppmuntra av statusen som følgde med landskulelova av 1860.

Hos IKA Hordaland oppbevarer vi privatarkivet etter fleire ungdomslag. Mange av desse produserte eigne lagsaviser. Avisene speilar godt kva for saker som opptok og engasjerte ungdomen. I lagsavisene skreiv barna om alt frå politiske saker til høgtidsmarkeringar og festdagar. Avisene er skrive for hand og inneheld ofte vakre illustrasjonar. På Digitalarkivet har vi digitalisert og tilgjenleggjort lagsavisene fram til 1921 etter Kleppe ungdomslag og Djønno ungdomslag. Ønskjer du å lese i desse kan du trykke her.   

 

 

 Lagsavisen Solglytt til Kleppe ungdomslag frå 1911. Bilete: IKA Hordaland

Bergen byarkiv

Barn i den lokale industrien

Inspeksjonsprotokollane for dei stedlege fabrikktilsyna i Bergen, Fana og Laksevåg 1893-1931 er lagt ut på Digitalarkivet. Her er oversikt over ulike fabrikkar, og over utstyr, ulykker og skadeomfang. Vidare blir det gitt årlege oversikter over tal på tilsette fordelt på alder og kjønn. Dette er ein rik kjelde til industrihistorie og arbeidstilhøve ved bedrifter i Bergensområdet, deriblant bruk av barn som arbeidskraft. F.eks. i 1912 var heile 20 av 68 arbeidare ved tobakksfabrikken Victoria i Solheimsviken under 18 år, fem gutar og ei jente var i alderen 12-14 år. 

Du kan lese meir om denne kjelden her.

Inspeksjonsprotokoll.jpg

Inspeksjonsprotokoll i arkivet etter Bergen fabrikktilsyn (BBA-0277, F:1).
Bilete: Bergen byarkiv

Barn understøtta av fattigvesenet

Protokollar frå fattigvesenet fortel om barn som veks opp hos pleieforeldre eller i barneheim i tida 1901-1915, og som samtidig var understøtta av fattigvesenet. Her vil vi finne navn på barna, deira biologiske foreldre, samt namn og bosted til pleieforeldra. Og vidare kan vi lese om kva som var årsaka til støtta, når den begynte og kva pleieforeldra fekk i månedlege bidrag frå fattigvesenet, samt eventuelle ekstraytingar.

Du kan lese meir om denne kjelda her

Fylkesarkivet i Vestland

Born i historiske fotografi

I fotoarkiva til Fylkesarkivet i Vestland er det kring 115 000 digitaliserte historiske fotografi, frå 1800-talet og fram til i dag. Her finn me også svært mange bilete av born, men dess lenger tilbake i tid me går, dess mindre barnlege og spontane er motiva.

Ukjende born, Luster.jpg

Barn vart lenge fotograferte som om dei var små vaksne: i finklede, med stive blikk og stort alvor, eller oppstilte i arbeidssituasjonar. Det gjer noko med korleis me tenkjer på barndommane til våre eigne formødre og -fedre, og det kan gjere det vanskeleg å hugse at barn trass alt var barn før i tida og.

Kva slags bilete som finst i arkivet er også tett knytt til kva samfunnslag barna tilhøyrer. Ein finn ikkje mange bilete av barna til husmenn og arbeidarar, og sjeldan der dei er i leik. Det står i sterk kontrast til dei innhaldsrike fotoalbuma til middelklassen, der me kan finne den same entusiastiske dokumenteringa av blide barnefjes for hundre år sidan, som me har i notida. På kvar sin måte gir desse bileta innblikk i fortida vår, og let oss reflektere over vår eigen oppvekst og den til borna kring oss. 

Ein smakebit av born i historiske fotografi finn du på Flickr.

 

Ukjende barn, Luster. Fotograf ukjend. Bilete: Fylkesarkivet i Vestland  

 


Born i tradisjonsmusikk

Dei fleste arkivopptaka ved Fylkesarkivet i Vestland er av vaksne tradisjonsberarar. Likevel inneheld samlingane våre fleire opptak av born som syng og speler.

Frå 1990-talet av tok det dåverande fylkesarkivet i Sogn og Fjordane til med å gjera opptak av juniorklassane på fylkeskappleikane. Dokumentasjonen omfattar dermed deltakarar på smørbukk- og sjokoladekappleikar i tillegg til vaksne. Desse rekruttevlingane er uformelle mønstringar for born, gjerne på same tid som ein «vaksen» kappleik. Ein sjokoladekappleik er gjerne friare i forma, og alle deltakarar blir premiert med god sjokolade.

Born og unge lærer musikk i både formelle og uformelle situasjonar, enten det er på leikeplassen, nattasongen om kvelden eller av ein lærar. Dokumentasjon av born sin musikkultur fortel om skiftande trendar, nye førebilete og vidareføring av tradisjonar.

Denne spelelista på SoundCloud inneheld døme på kva materiale vi har der born framfører vokal tradisjonsmusikk. 

Spesialsamlingene ved UiB

Skulebarnoppskriftene

Den andre delen av nettustillinga til Spesialsamlingene omhandlar arkivet etter Institutt for lingvistiske, littærere og estetiske studier (LLE), nemleg skulebarnoppskriftene.

Skulebarnoppskriftene er ei samling av stadnamn samla inn av skulebarn - mellom 30 000 – 40 000 forskjellige stadnamn frå heimgardane.

Skjemaet barna mottok hadde eit dialektnært skriftspråk, og barna vart og bedne om å svare på dialekt. Dei vart vidare bedne om å skrive ned alle namna som var å finne på garden dei kom frå, samt at dei skulle intervjue gamle folk om det same. I tillegg skulle dei skrive ned segn og historiar knytt til garden.

I dag kan desse snart hundre år gamle oppskriftane gje oss innsikt i forståinga til barn av stedsnamn og barnekulturen. Videre kan dei seie noko om endringar i samfunnet generelt og om bevegelsane til barn i landskapet, og eigarskapet dei hadde til dette.  

 


Foto av barn i arbeid

Noko av det første som blir tydeleg når vi ser på biletea er sjølve fenomenet, at barn jobba i forskjellige historiske perioder. Barn som jobba i fabrikk, på gard, som avisbod eller som skyssgut. Bileta fortel om ei fortid kor barndom var annerledes enn i dag, med andre moglegheiter for sosial utjamning, utdanning og helseteneste.Bileta frå andre kulturar som er tatt av nordmenn enten på reise eller jobb i den store verda viser og barn som måtte arbeide. Gode eksemplar på dette er å finne blant sosialantropolog Reidar Grønhauf sine bilete frå Afghanistan frå 1969, med gutar som sitt i ei rekkje foran noko som minnar om ei stor type vev-eller fletteoppgåve.

I samband med arkivdagen har Spesialsamlingene ved UiB skrive ein artikkel i På Høyden. Du kan lese den her.

 

Gut med høybør.jpg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Liten gut med høybar. Fotograf Oscar Hansen.

Bilete: Bildesamlingen, UB Bergen