I arkiva som oppbevarast hjå oss på IKA Hordaland finst det mange kjente, men også fleire «gløymte» historier. Vi ynskjer å dele nokre av desse i håp om at dette vil vekke interesse og inspirere til vidare bruk av arkiva. I åtte artiklar utforskar vi  korleis kommunereforma på 1960-talet påverka nokre av kommunane i Hordaland. Reforma var den mest omfattande i si tid og berre i Hordaland forsvann heile 20 kommunar. Innhaldet og design er laga av tilsette på IKA Hordaland. Kor ikkje anna er oppgitt er alle illustrasjonar og bilete funne i arkiva som oppbevarast hjå oss.  

Heftet kjem i ei digital utgåve som er tilgjengelig her.