Kostregulativ Voss fattiggård

Utover 1800-talet vaks nye og meir spesialiserte organ og institusjonar under fattigvesenet fram. Fattiglovene av 1845 ga kommunane heimel til å opprette tvangsarbeidshus og redningsanstaltar. Dette var lenge eit byfenomen, men utover hundreåret byrja også landkommunar å etablere fattighus. I enkelte bygder kjøpte fattigvesenet eigne gardar som vart brukt som oppbevaringsanstaltar for fattige. Desse vart gjerne kalla fattiggardar eller kommunegardar. Her budde sinnsjuke, åndssvake, alkoholikarar, lausgjengarar, vanføre, foreldrelause born og eldre.

Fattiggardane vart styrt av ein forstandar og ei forstandarinne. Medan forstandaren hadde ansvar for drift, vedlikehald og økonomi skulle forstandarinna syte for tilsyn og pleie av dei sjuke, at soverom var ryddige og klede reine.

Tilveret på fattiggardane var prega av reglar og rutinar. Ingen fekk forlate garden utan tillating. Måltid vart servert til faste tider og alkohol var strengt forbode. Det vart venta at bebuarane var høflege og lydige mot forstandaren. Brot på reglane vart som regel straffa: «Dovenskab, Ulydighed, Brud paa Husets Orden og paa Sædelighed, straffes som regel med Afknappelse i Maden, Indskrænkning i eller Nægtelese af Kaffe og Tobak, for Ældre Isolation i ensomt Værelse, dog ikke over 4 Dage ad gangen, og for Yngre (Mindreaarige) almindelig Hustugt (Ris).» 

Fram mot fyrste verdskrig vart fattiggardane gradvis erstatta av og endra til gamle- og pleieheimar for eldre og arbeidsuføre.

 

Oversyn over arkiv etter fattiggardar i Hordaland

Ullensvang herad

Ullensvang fattiggard Hesthammer

Kinsarvik kommune

Ullensvang fattiggard Hesthamar

Voss kommune

Voss fattiggard / Heradsgarden