Kurset er delt inn i 10 tema som dekkjer dei viktigaste områda i arkivarbeidet. Arkivskolen LIGHT inneheld fagstoff, quiz, treningsoppgåver og linkar til lovverk og artiklar. Kurset blir avslutta med ein obligatorisk emnetest. NETTOPPlæring har utvikla kurset, medan IKA Hordaland stiller med eigne nettlærarar og står for den faglege rettleiinga av deltakarane. 

Ta kontakt med oss viss du ynsker meir informasjon om kurset. 


Kurset sine ti tema:

  1. Arkiv og dokumentasjon
  2. Dokumenta
  3. Journalføring
  4. Daglege arbeidsoppgåver
  5. Arkivkoder
  6. Periodisering
  7. Bevaring og kassasjon
  8. Innsyn og offentlegheit
  9. Arkivplan
  10. Kvalitet i alle ledd