Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Nyhende

Her finn du IKA Hordaland sin formidlingskanal ut mot publikum og eigarkommunane. På sida vil vi legge ut informasjon, nyhende, gje eit innblikk i arbeidet vi gjer på IKA Hordaland og presentere smakebitar frå arkiva.

Webinar GDPR

Webinar i personvernlova

Webinaret blir arrangert av kommunearkivordninga i Vestland og IKA Hordaland. I kurset vil advokat Kurt O. Bjørnnes ta oss gjennom sentrale punkt i personvernlova med eit særleg fokus på reglane som er viktige når det offentlege skal handsame personopplysningar.

Kurset skal gjere deltakarane trygge på personvenretten og kunnskap om reglane som vart innført gjennom GDPR.

Sveio kommune. Overformynderiet, F/Fa/L0001: Stor overformyndarrulle for Fjære tinglags overformynderi, 1859-1877

Frivillige hjå IKA Hordaland

For å få opparbeida seg verdfull kunnskap og arbeidserfaring, var sju studentar frå Universitetet i Bergen hjå oss for å arbeide frivillig hausten 2020. Dei har vore med på digitalisere kulturarven me ivaretek for eigarkommunane våre. Gjennom den døgnopne lesesalen Digitalarkivet.no kan du no finne mykje interessant og spennande arkivmateriale dei har skanna.

Presentasjonsbilete frå NETTOPPlæring

Arkivskolen LIGHT

Kunnskap om dokumenthandsaming og forståing for kvifor dei daglege oppgåvene blir utført er nødvendig å ha som tilsett i eit offentleg arkiv. Med nettkurset Arkivskolen LIGHT får du grunnleggande fagkunnskap om handsaming av dokument i offentleg sektor. 

pexels-photo-459654

Nye tilsette ved IKA Hordaland

I dag har fire av våre tilsette gått over i fast stilling. I tillegg har Lars Fivelstad Smaaberg takka ja til eit vikariat hjå oss fram til 31.01.2022.

Husstandskort Meland

Transkriberte husstandskort på Digitalarkivet

På Digitalarkivet finn du no transkriberte husstandskort frå dei tidlegare kommunane Meland, Manger og Fusa. Korta er datert 1. november 1917 og er frå arkiva etter dei kommunale provianteringsråda. Husstandskort deler mange likskapstrekk med kommunale folketeljingar og dei er difor kategorisert som folketeljingar på Digitarkivet.

DSM

Digitalt sikringsmagasin (DSM)

Alver kommune er den fyrste kommunen som tek i bruk det nye digitale sikringsmagasinet (DSM) til Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS. Historiske data og digital dokumentasjon vil for ettertida bli bevart i fjellhallar i Midt-, Aust- og Nord-Noreg.

Vaksdal kommune

Arkiv frå Vaksdal kommune

Vaksdal er ein av kommunane våre som i år skal ha tilsyn frå Arkivverket. I denne samanhengen har me sett i gang eit prosjekt for hausting og ordning av om lag 197 hyllemeter personregister og administrative arkiv frå kommunen. Det er i hovudsak materiale etter 1986 som har vorte henta inn no.

arkivjournalen

Arkivjournalen

Vi har no digitalisert ulike utgåver av vårt eiget meldingsblad Arkivjournalen frå tidsrommet 1987-1994. 

Privatarkiv frå tidlegare Fjell kommune plassert på hylle

Aviser – ei kjelde til fortida

I desse koronatider har me som er så heldige å vere praksisstudentar ved IKA Hordaland fått tid til å gå på skattejakt i arkivet.

Skanning ved Uib

Praksis ved IKA Hordaland

Denne våren er Erik Patrick Joten og eg, frå historiestudiet ved Universitetet i Bergen, i praksis hjå IKA Hordaland. Begge håpte på å få praksisplass hjå IKA Hordaland, og er takknemlege for erfaringa så langt. Som ein del av praksisopplegget tenkte me at me kunne fortelje litt om kva me har gjort.

1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10
>